Installer Flash® og skru på Javascript.

Seminar Aug. 2008

Vellukka historisk seminar på Utne

Hardanger Historielag arrangerte helga 23. og 24. august eit seminar om lokal- og
slektshistoriske tema knytt til middelalderen. Meir enn 60 personar deltok under
seminaret på Hardanger Folkemuseum og dei fleste var óg med på ei opplevingsrik
tilstelling i Aga-tunet laurdag kveld. Deltakarane kom frå heile landet. Hardanger,
Sunnhordland og Bergens-området var best representert, men og Rogaland, Austlandet
og Tromsø.
 I alt 7 foredragshaldarar – dei fremste i Noreg på sine område – var med.
Dei ulike tema varierte frå ein kritisk gjennomgang av metodar og kjeldemateriale
knytt til middelalderforsking, til gjennomgang av seglmateriale frå Hardanger,
Aga-slektene sitt samband med Rogaland, austnorske eigarar av Aga-gods, setegardane
rundt Folgefonna, ein del av formødrene i Galtung-ætta og steinkyrkjene i Hardanger m.v.
 Seminaret inngjekk i Hardanger Historielag sitt program for 100 års-jubileet
og vart arrangert i samarbeid med Folkeakademiet i Hordaland. Hardanger Historielag
tar sikte på å publisere foredraga, truleg i 2009.

 

Copyright © 2008 Hardanger Historielag. All rights reserved.