Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Historieseminar

Laurdag 19. februar inviterer Hardanger Historielag til forfattarmøte på Utne, nærare bestemt på Hardanger Folkemuseum. Møtet med forfattarane er ope for alle interesserte og byr på føredrag om både førhistorisk tid og samferdsle i Hardanger. I forkant har laget årsmøte.

Lagt ut 8. februar 2011 - sist oppdatert 20. februar 2011

Arbeidet med regionhistoria for Hardanger er no i gang og dei fleste forfattarane samlast til forfattarseminar på Utne fredag 18. februar. Laurdagen vil to av forfattarane gje oss innblikk i sine tema og ta imot spørsmål og innspel frå frammøtte. Bård Gram Økland snakkar om Hardanger si forhistorie frå istid til vikingtid og Martin Byrkjeland kallar sitt foredrag Bruer, vegar og landskap, - utdrag frå samferdslehistoria i Hardanger. Økland er medforfattar til første band som omfattar tida fram til 1750. Byrkjeland er knytt til både bind 2 og 3 av verket, så her er det mykje å læra.

Bård Gram Økland har hovudfag i arkeologi og er undervinsingsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum der han lagar utstillingar og driv undervisning om sjøfartshistoriske tema frå steinalder til i dag. Han har skrive første bind av bygdebok for Stord kommune, "Frå steinalder til oljealder". Og han er redaktør av eit nytt bokverk om Halsnøy kloster.

Byrkjeland er no sjølvstendig historikar. Han har tidlegare skrive industri- og arbeidarhistorie,  særleg om den kraftkrevjande industrien, er medforfattar i Ålvikboka "Ferrofolket ved fjorden" og har skrive verket "Byens skjulte årer - vann og avløpshistorie i Bergen gjennom 150 år."

Hardanger Historielag har altså solide folk å by på og ynskje alle hjarteleg velkomne.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2011 © Hardanger Historielag