"Grenda som lokalsamfunn"
Ullensvang herad er i gang med å føra bygdebøkene til Olav
Kolltveit fram til notid. I samband med dette arrangerer
Bygdeboknemnda no sitt andre seminar laurdag 2. april. Denne gongen
set me søkjeljos på grenda som lokalsamfunn.
For eit par generasjonar sidan var det mykje aktivitet i
grendene rundt omkring. Heile familien hadde då gjerne grenda som
ramme for sine daglege gjeremål. I dag er fleire og fleire av
aktivitetane flytta ut or lokalmiljøet. Korleis skal det til dømes
gå med grendene i Indre Hardanger når bunaden kan kjøpast på e-bay,
husmora køyrer bil til Voss for å jobba, grendeskulane vert lagde
ned og folk flytter for å bu i by på Bu? På bygdebokseminaret vil
me sjå nærare på nokre sentrale sider av livet i grendene i
distriktet her frå midten av 1900-talet og fram mot i dag. Me vil
vidare drøfta kva utfordringar ein står overfor når ein skal skriva
grendehistorier. Er grendene snart tømde for funksjonar, slik at
bygdebokprosjekt står i fare for å verta reine nostalgiprosjekt?
Eller kan ein snarare vera med å leggja grunnen for ei ny
orientering mot grendesamfunna og dermed støtta arbeidet med å
skapa aktive lokalsamfunn for framtida?
Alle med interesse for lokalhistorie er
velkomne som deltakarar på bygdebokseminaret. Seminaret
vert skipa til på Hardanger folkemuseum, Utne. Påmelding til museet
på
tlf. 53 67 00 40 eller e-post:
mail@hardanger.museum.no innan
måndag 21. mars.
Seminaravgift: 150 kr.
Program:
10.30: Velkomen v/Otto
Vikane, leiar i bygdeboknemnda for Ullensvang
10.40: Innleiing v/Nils Olav
Østrem, redaktør for Ullensvang nye bygdebok
10.50: Foredrag v/Kari
Aslaug Hasle, historikar
og bygdebokforfattar,Høgskulen i Volda:
Med grenda som perspektiv i
bygdebokarbeid
- om utfordringar og erfaringar frå skriving av
grendesoger
11.35:
Kommentar, spørsmål og ordskifte
11.50: Kaffi
12.00: Foredrag
v/Bård Kolltveit, tidl. direktør ved Norsk sjøfartsmuseum,
Oslo:
Eit hamskifte i samferdsla i
Hardanger:
Då bussen og bilen vann over dampen og
skyssbåten
12.45: Kommentar, spørsmål
og ordskifte
13.00: Betasup
13.45: Foredrag v/Hilde
Danielsen, etnolog og forskar ved Universitetet i Bergen:
Husmor i Hardanger
- om husmorhistorier i grendehistoria
14.30: Kommentar,
spørsmål og ordskifte
14.45: Kaffipause
15.00: Foredrag
v/Agnete Sivertsen, styrar ved Hardanger folkemuseum:
Bunaden blir global
- frå grendehandverk til globalhandel?
15.45: Kommentar,
spørsmål og ordskifte
16.00: Oppsummering
v/Marta Gjernes, forfattar for Ullensvang nye bygdebok
16.20: Avslutning
16.30:
Slutt
Arrangørar: Bygdeboknemnda i Ullensvang herad og
Hardanger folkemuseum