Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Fylke

Regionhistorie for Hardanger

Meir midlar til regionsoga

Lagt ut 8. mai 2010 - sist oppdatert 8. mai 2010

SA JA TIL LØYVINGAR:

 Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang vart nøgd då fylkespolitikar og leiar i Kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, på oppmoding gav lovnad om ny løyving til bok prosjektet «Regionsoge for Hardanger».

Frå før har prosjektet fått 250 000 kroner frå utvalet.  Det vart samstundes gjeve signal om at det skulle koma meir. Under konferansen «Stad og identitet» denne veka, nytta ordføraren høve til å minna utvalsleiaren om dette.

Njåstad tok oppmodinga på strak arm, og lova å sjå på saka.

- Me veit jo kva størrelsesorden dei er vane med, smilte han og lova å sjå positivt på både soga og løyving.

Foto og tekst: Mette Bleken

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2009 © Hardanger Historielag