Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.
  • Marit Bleie Mannsåker

Årsmøte 2009

Hardanger Historielag hadde årsmøte på Hardanger Folkemuseum sundag 19. april. Marit Bleie Mannsåker vart attvald som leiar.

Lagt ut 11. mai 2009 - sist oppdatert 16. november 2009

Ho takka for tilliten og lova at styret skal vidareføre blant anna arbeidet med regionsoge for Hardanger og ungdomsskuleprosjektet som vart påbegynt i 2008.

Styret hadde invitert elevar frå Hauso skule til å kåsera over temaet "Eg er harding, eg!". Kåseria er resultat av eit skriveprosjekt som Hardanger Historielag har invitert alle 8. klassane i Hardanger til å vera med på. Årsmøtedeltakarene fekk høyre både godt og gale om å vekse opp på ein liten plass der alle tilsynelatande er i slekt med kvarandre, om å dela den fine naturen med busslaster av turistar og tyske bubilar, og om hat og elsk-forhold til hardingfela med meir. Frukt vart òg kommentert - godt å eta, kjedeleg å henta. Det var forfriskande for den helst godt vaksne forsamlinga å høyre korleis dei som veks opp i dag skildra seg sjølv som hardingar, og at dei er stolte over å vere det. Historielaget samlar og tek vare på alle innleverte tekstar frå elevane, under mottoet "Dagen i dag vert historie i morgon".

Som takk for flotte kåseri fekk Eirin Moss, Henrik H. Eide, Gunhild Haustveit og Hilde E. Helle boka "Hardanger Tradisjon og kultur" utdelt av Brita Jordal. Dette er ei heilt ny og annleis hardangerbok som er laga for hardingar av hardingar som sjølve kallar seg "unge tradisjons- og kulturberarar". Her finn ein litt av kvart om både trend og tradisjon og "firmaet" deira oppnådde nyleg å bli kåra til Hordalands beste ungdomsbedrift.

Etter dei vanlege årsmøtesakene held Guttorm Rogdaberg eit engasjert foredrag om det planlagde jordskiftesenteret på Aga. Han kom inn på kvifor Noreg treng eit slikt senter og kvifor det bør ligga på Aga. Han hadde med førsteutkastet til ei bok om jordskiftesoga for Hardanger som vil koma ut i løpet av året. Tanken er at ein må ta utgangspunkt i det lokale for å ha ei historisk plattform og formidle på eit nasjonalt plan.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2009 © Hardanger Historielag