Hardanger Historielag arrangerte helga 23. og 24. august eit
seminar om lokal- og slektshistoriske tema knytt til middelalderen.
Meir enn 60 personar deltok under seminaret på Hardanger
Folkemuseum og dei fleste var óg med på ei opplevingsrik
tilstelling i Aga-tunet laurdag kveld. Deltakarane kom frå heile
landet. Hardanger, Sunnhordland og Bergens-området var best
representert, men og Rogaland, Austlandet og Tromsø.
I alt 7 foredragshaldarar - dei fremste i Noreg på sine område -
var med. Dei ulike tema varierte frå ein kritisk gjennomgang av
metodar og kjeldemateriale knytt til middelalderforsking, til
gjennomgang av seglmateriale frå Hardanger, Aga-slektene sitt
samband med Rogaland, austnorske eigarar av Aga-gods, setegardane
rundt Folgefonna, ein del av formødrene i Galtung-ætta og
steinkyrkjene i Hardanger m.v.
Seminaret inngjekk i Hardanger Historielag sitt program for 100
års-jubileet og vart arrangert i samarbeid med Folkeakademiet i
Hordaland. Hardanger Historielag tar sikte på å publisere
foredraga, truleg i 2009.