Under jubileumsseminaret i 1998, sa professor Ståle Dyrvik
mellom anna at: "Historiematerialet for Hardanger ligg svært godt
til rette, at kjeldetilfanget finst og at oppgåva med å jamføra
utviklinga i dei ulike delar av området, vil vera ei utruleg
spennande oppgåve, ikkje minst etter hundreårsskiftet då
storindustrien rykte inn i Odda, Tyssedal og Ålvik, og skilnadene
mellom dei ulike delane av Hardanger auka." Å skriva
industrihistorie lausrive frå bygdesamfunnet, ville vera
meiningslaust understreka Dyrvik.