Heftet har vorte lagt i handlevogna. Klikk på handlevognteksten over for å gå til denne.

Hardanger-Quiz

Vi har utarbeidd quiz eller spørjeoppgåver til ti årgangar av årsskriftet Hardanger. Det gjeld åra 1998 – 2007.

Spørjeoppgåvene er først og fremst laga som eit tilbod til elevar i ungdomsskulen som er med på prosjektet "Eg er Harding, eg". Men sidan spørsmåla fekk oss til å oppdaga eller gjenoppdaga mykje interessant stoff, legg vi ut oppgåvene på nettet slik at alle kan ha glede av dette.

Det viktigaste er at du finn svaret og kunnskapen for eigen del, så vi har ikkje lagt opp til premiering. Men har du lyst, kan du senda inn svar til oss og få tilbakemelding.

Lærarar som vil bruka oppgåvene til aktivitetar i klassen kan få svara tilsendt.

Vil du prøva deg? Du finn oppgåvene i margen til høgre.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2007-2009 © Hardanger Historielag