Sak 1 Velkomen
Leiaren Marit Bleie Mannsåker ønskte velkomen til alle frammøtte og
med ei spesiell helsing til foredragshaldaren, Johan Vaa, frå
Rauland.
Sak 2 Innkalling
Ingen merknader.
Sak 3 Sakliste
Denne vart utdelt på møtet saman med årsmelding og rekneskap. Ingen
merknader.
Sak 4 Konstituering
Marit Bleie Mannsåker vart vald til møtestyrar og Arne L. Aksnes
til referent.
Sak 5 Val av to medlemer til å underskriva møteboka
Oddvar Ystanes, Norheimsund og Olav G. Åkre, Nå vart valde.
Sak 6 Årsmelding
Skrivaren las opp denne. Samrøystes godkjend.
ÅRSMELDING 2009
Styret i meldingsåret:
Marit Bleie Mannsåker, Odda, leiar vald for eit år.
Jarle Vangen, Odda, nestformann, vald til styret for 2 år i
2009.
Anne-Kristine Mæland Måkestad, Grimo, vald for 2 år 2008.
Arne L. Aksnes, Norheimsund, skrivar, vald til styremedlem for 2 år
2008.
Kristoffer Frimann Hjeltnes, Ulvik, vald til styremedlem for 2 år
2009.
Varamedlemer:
1. Brita Jordal, Odda, møter fast.
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Nils Årekol, Øystese.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Odlaug Måge, Nå.
Revisor.
Svein Grønsberg.
Halldor O. Helleland (vara).
Forretningsførar:
Øystein Pugerud, Grimo
Valnemnd:
Hans Litlatun, leiar, Asbjørn Børsheim og Liv Rumohr
Selland.
Redaksjonsnemnd for årboka "Hardanger" i 2009:
Lars O. Bleie, Inge L. Reinsnos, Knut Markhus og Harald
Hognerud.
Årsmøtet 2009 vart halde på Hardanger Folkemuseum, Utne,
sundag 19. april.
25 medlemer møtte. Fire 8. klasseelevar frå Hauso skule kåserte
over temaet "Eg er harding, eg". Dette er ein del av
skuleprosjektet i regi av Hardanger Historielag.
Årsmøtet vart leia av Marit Bleie Mannsåker. Årsmelding, rekneskap
og budsjett vart godkjende. Medlemspengane vart auka til kr 200,-
for 2010.
I etterkant av årsmøtet gav Guttorm Rogdaberg ei utførleg
orientering om prosjektet Norsk Jordskiftesenter.
Arbeidet i meldingsåret:
De er halde 6 styremøte og to sammøte med
Regionhistorienemnda og handsama i alt 45 bokførde saker i tillegg
til ei rad meldingar til styret. Hovudsaka i meldingsåret er
arbeidet med Regionhistoria for Hardanger. Styret sette 13/1 ned
eit arbeidsutval for arbeidet med slik samansetnad: Marit Bleie
Mannsåker, Arne L. Aksnes, Lars O. Bleie, Inge Reinsnos, Øystein
Pugerud, Brita Jordal, Knut Markhus og Trude Letnes Meir om
dette i eige avsnitt.
Som ei overgang oppretta ein i møtet 14/4 ei redaksjonsnemnd for
årsskriftet "Hardanger" som vist ovanfor.
Ordninga med styreseminar har halde fram. I 2010 var dette lagt til
Ulvik der krigssoga var hovudtema første dagen. Andre dagen sto
industrihistoria for Osa på programmet. Begge stader fekk ein
framifrå orientering frå lokale fagpersonar. To medlemer frå det
lokale sogelaget deltok og på den faglege delen av seminaret. På
laurdagen var styret invitert til å halda møte med lunsj hjå Kr.
Frimann Hjeltnes. Styret vurderer no å utvida tilbodet til ålmenta
når det gjeld deler av fagforedraga i samband med
styreseminara.
Økonomi:
Årsrekneskapen for 2009 viser ein samla omsetnad på kr 378
577,- og eit overskot på kr 58 408,-
Dei samla innskotsmidlane var på kr 2 814 062,- herav kr 2 464
400,- avsett til regionhistorieprosjektet.
Regionhistorie for Hardanger:
I 2009 vedtok ein å utlysa dette som totalentreprise. Tilbodet
gjekk til 5 forlag, og etter ein del rundar, sto ein att med
Fagbokforlaget som einaste reelle interessent. Det er lagt mykje
arbeid i kontraktsformulering og sikring av rettar og plikter i
prosjektet. Svartveit Rådgjeving har vore engasjert her. I
skrivande stund er den endelege avtalen klar for underteikning. Det
har vore viktig for styret å sikra at verket Regionhistorie for
Hardanger vert eit fullgodt fagleg produkt. Ut over allereie
avsette midlar, forpliktar ein Hardanger Historielag til å gå inn
med ytterlegare kr 850 000 i prosjektetperioden. Styret vurderer
dette som fullt oppnåeleg.
Årsskriftet Hardanger:
Årsskriftet for 2009 har god grafisk kvalitet i tillegg til svært
bra fagleg innhald. Styret vil gje redaksjonsnemnda full honnør for
arbeidet.
Styret ser årsskriftet som ei hovudoppgåve for laget i alle normale
driftsår, som ein vesentleg medlemsfordel og i tillegg som ei
hovudkjelde for informasjon og interessevekking mot breiare grupper
i samfunnet. Det er i meldingsåret utarbeidd instruks for
artikkelforfattarane og redaksjonen.
Prosjekt: Ungdomsskuleprosjektet
Styret har følgt opp tiltaket som starta i førre meldingsår. Alle
ungdomsskulane er tilskrivne og inviterte til alternative
temaarbeid "Eg er harding, eg" eller "Skottehandel", men dette året
melde ingen tilbake. Lærarar i indre Hardanger vart spesielt
inviterte til føredrag ved Mikal Heldal om skottehandelen. Fleire
av dei møtte.
Som nemnt under årsmøte, las elevar opp kvar sine kåseri.
Laget, prosjektet og elevane fekk kort omtale/bilete i
Lokalhistorisk magasin 2/2009.
Tre av elevtekstane frå skuleprosjektet i 2008/2009 vart trykte i
årsskriftet Hardanger, ein frå kvar av dei deltakande
ungdomsskulane Hauso, Kinsarvik og Norheimsund.
Quiz til Hardanger
Som del av ungdomsskuleprosjektet, har ei gruppe frå styret og gode
medhjelparar laga spørjeoppgåver til ti årgangar av Hardanger, 1998
- 2007. Spørsmåla, 10 stykke til kvar årgang, er lagt ut på
nettsidene til laget og kan brukast av alle interesserte. Første
spørsmål finn ein svar på ved å bruka bibliografien som ligg på
nettsidene.
Arrangement
I samarbeid med Hordaland Folkeakademi og Kinsarvik folkebibliotek,
arrangerte HH ein føredragskveld i Kinsarvik onsdag 11. november
2009. Mikal Heldal heldt føredraget om Skottehandelen. Ca 30
interesserte møtte.
Løyvingar:
Styret hadde ei ramme på kr 40 000 til dette formålet for
meldingsåret. I samsvar med dette vart det gjeve følgjande
løyvingar: Johan Vaa "Langs Kvenna før og no" bok om ferdsla mellom
Hardanger og Telemark kr 10 000, Jordskiftesenteret/bok om
jordskifte i Hardanger kr 10 000, Agatunet/arkiv etter Johannes P.
Aga kr 10 000,
Anne Lutro/jonsokbryllauputstillingane kr 5 000, Knut
Hamre/CD-produksjon for solo hardingfele 5 000,-.
Nettsidene: www.hardanger-historielag.com
Her får ein informasjon om arbeidet til laget, du kan handla
bøker, registrera deg som medlem og i tillegg er det utlagt
ein quiz med tema frå årsskriftet Hardanger.
Nettredaktør er forretningsførar Øystein Pugerud og utforminga av
sidene står Nikolas van Etten for. Hovudbolken er ein omfattande
bibliografi over årshefta. Nikolas van Etten har tilrettelagt
tingingsfunksjon for bøker og elles betring av innhald og
funksjonalitet. Det gjennstår enno ein del før styret er fullnøgde
med sidene. Ein ynskjer seg òg større aktivitet og oftare
utskifting av stoff på sidene.
Representasjon:
Marit Bleie Mannsåker deltok på seminar ved Hordamuseet 30.-31.
oktober 2009 med tittelen "Kven eig historia?" om
museumsinstitusjonane og dei frivillige historiesamlarane.
Vidare representert ho HH på årsmøtet i Hordaland Sogelag på
Askøy 13. og 14. mars 2010.
Sak 7 Årsrekneskap 2009
Forretningsføraren la fram dette. Samrøystes godkjend.
Leiaren gjorde framlegg at kr 50 000 av årsoverskotet på kr 58
408,- vert overført til Regionhistorieprosjektet. Samrøystes
godkjend.
Sak 8 Budsjett 2010
Forretningsføaren la fram dette. Det viser ein samla omsetnad på kr
330 000,- og eit forventa overskot på kr 7 000,-.
Samrøystes godkjend.
Medlemspengar for 2011. Framlegg på kr 250,- frå Arne L. Aksnes
fekk 4 røyster. Framlegg om kr 220,- vart vedteke.
Sak 9 val
Kåre Grønsnes frå valnemnda la fram innstillinga. Han leia òg
valet.
Leiar: Marit Bleie Mannsåker, Odda, vald ved akklamasjon.
Styremedlemer for 2 år. Anne Kristine Mæland Måkestad,
Ullensvang og Arne L. Aksnes, Kvam valde v/akkl.
Frå før står: Jarle Vangen, Odda og Kristoffer Frimann Hjeltnes,
Ulvik.
Varafolk i nummerorden valde for eitt år:
1. Brita Jordal, Odda.
2. Hildeborg Dalaker, Ulvik.
3. Nils Årekol, Kvam.
4. Svein Haugen, Eidfjord.
5. Odlaug Måge, Ullensvang.
Alle valde ved akklamasjon.
Revisor:
Svein Grønsberg, Lofthus. Vararevisor: Haldor Helleland,
Lofthus.
Valnemnd:
1. Asbjørn Børsheim, Ulvik, leiar, står eitt år til.
2. Liv Rumohr Selland, Granvin, står to år til.
3. Kåre Grønsnes, Ullensvang,ny. Vald for tre år.
Varamedlem til valnemnda, vald for eitt år, Lars O. Bleie,
Ullensvang, ny.
Utsending til årsmøtet i Hordaland Sogelag:
Marit Bleie Mannsåker. Styret peikar ut varautsending.
Redaktørar for årssskriftet:
Knut Markhus, Voss og Harald Hognerud, Tyssedal.
Forretningsførar: Øystein Pugerud, Grimo.
Dei to siste oppnemningane er til orientering for årsmøtet då
ansvaret tilfell styret.
Sak 10 Formell oppløysing av Nemnda for Regionhistorie i
Hardanger.
Denne nemnda er opphaveleg frå 2004.
Teke til vitande.
Etter at årsmøtet var formelt avslutta, takka Oddmund Hus
avtroppande redaktørar Lars O. Bleie og Inge L. Reinsnos med at dei
hadde kome verdig og vyrdeleg frå oppgåva. Dei fekk tildelt det
nylaga heiderskruset til Hardanger Historielag. Kruset er produsert
av Anke Puck.
Leiaren gjorde greie for dei nye vervekorta som HH har trykt opp.
Desse vart delte ut. Ho takka og forretningsføraren, Øystein
Pugerud for vel utført arbeid.
Ho la og fram tankane om ei noko fornya form for årsmøtet i
framtida som forsamlinga tok vel mot.
Etter pausen heldt Johan Vaa eit engasjert foredrag omkring boka
"Langs Kvenna før og no".
Boka er skriven av Johan Vaa og utgjeven av Telemark Historielag.
Bokverket fekk i 2009 tildelt kr 10 000,- frå HH.
Arne L. Aksnes, ref.
Oddvar
Ystanes
Olav G. Åkre