Møte opna med fire friske kåseri av 8. klasseelvar frå Hauso skule.
Dei kåserte over temaet "Eg er harding, eg". Det var Gunnhild
Haustveit, Eirin Moss, Henrik Eide og Hilde Eiken, som gav oss eit
innblikk i korleis det er å vera ung harding i dag.
Innkalling og saklista vart godkjende utan merknadar
Møtelyden valde leiar Marit Bleie Mannsåker til møteleiar og
skrivar Anne-Kristine Måkestad til møteskrivar. Lars O. Bleie
og Frede Bleie vart valde til å underskriva møteboka.
Årsmeldinga:
Årsmelding for Hardanger Historielag 2008
Styret i meldingsåret:
• Marit Bleie Mannsåker (leiar)
• Jarle Vangen (nestleiar- vald for 2 år 2007)
• Anne-Kristine Mæland Måkestad (skrivar- vald for 2 år
2008)
• Arne L. Aksnes (vald for 2 år 2008)
• Liv Rumohr Selland (vald for 2 år 2007)
Varamedlemmer:
1. Brita Jordal (møter fast)
2. Hildeborg Dalaker
3. Nils Årekol
4. Svein Haugen
5. Oddlaug Måge
Revisor
Svein Grønsberg
Halldor O Helleland (vara)
Forretningsførar:
Øystein Pugerud
Valnemnd:
Sjur Sekse, Knut Stein Hildal og Hans Litlatun
Asbjørn Børsheim (vara)
Redaktørar for årboka "Hardanger":
Lars O. Bleie og Inge Reinsnos
Årsmøtet 2008 vart halde på Hardanger Folkemuseum 13.
april 2008, nær 40 medlemmer møtte. Etter dei formelle
årsmøtesakene var det ei kort matøkt før Finn Måge tok
årsmøtelyden med på ei reise gjennom det gamle Hardanger ved hjelp
av digitaliserte prospektkort.
Arbeidet i meldingsåret
Styret har hatt åtte møte og handsama 64 saker i
meldingsåret. Ikkje alle saker og planar er realiserte og
sluttførde, sume heng med vidare i inneverande år. Styret har
vidare hatt seminar på Sandven Hotell i Norheimsund. Hovudsaker har
vore gjennomføring av prosjekt for ungdomsskulane og
tilretteleggjing av arbeidet med Regionhistorie for Hardanger.
Laget var medtilskipar av Hardangerseminaret i august 2008.
Hardanger Historielag vart presentert som månadens lag på
Landslaget for lokalhistorie sine nettsider i desember.
Årsskriftet Hardanger
Kvart år i dei hundre åra laget har eksistert har
årsskriftet Hardanger kome ut! 2008-utgåva var ekstra fyldig
og påkosta. Tilgangen på artiklar er heldigvis god og det vert
freista få til kjønnsmessig og geografisk balanse av stoffet.
Styret meiner redaktørane gjer eit svært godt arbeid som fortener
betre godtgjering og har difor vedteke å heva
redaktørhonoraret.
Ungdomsskuleprosjektet - Dagen i dag vert historie i morgon
.
Styret har i fleire år hatt tankar om å få i gang samarbeid med
skulane i Hardanger. Dette for å informera om lokalhistoria
og kva kjelder som er tilgjengeleg i årbøkene. Det passa godt
å starte opp dette arbeidet no i jubileumsåret.
Alle ungdomsskulane har fått tilbod om å delta i eit
skriveprosjektet og om å få supplere skulebiblioteket med dei
ti siste årbøkene.
Elevane kunne velja mellom to ulike tema i skriveprosjektet , "Eg
er harding eg!" og "Skottehandelen".
Det er utarbeidd ein plakat for laget. Plakaten er tenkt til
utdeling i lag med dei ti siste årsskrifta til alle ungdomsskulane
i regionen, (vidare til bibliotek og museum.)
Norheimsund ungdomsskule, Røldal ungdomsskule, Granvin barne- og
ungdomsskule, Kinsarvik skule og Hauso skule har så langt
svart på tilbodet og fått plakat og årsskrift.
8. klassingane ved Norheimsund ungdomsskule, Kinsarvik skule og
Hauso skule har i tillegg arbeid med skriveprosjektet. Laget
tek vare på alle tekstane som ein samtidsdokumentasjon, og nokon av
tekstane vil bli trykt i årboka.
Laget har fått 8000,-kr i prosjektstøtte frå Landslaget for
lokalhistorie og vil føra arbeidet vidare også i neste
skuleår.
Planar om å etablera fotodatabase
Styret har arbeidd vidare med planane om å samla inn digitaliserte
foto frå medlemene og etablera ein fotodatabase. Det er utarbeidd
eit notat, deltakarar på kurset i digitalisering i 2007 er kontakta
og det viser seg at svært få har fylgt opp. Styret har no vedteke å
leggja vekk planane om fotodatabase.
Nettsidene: www.hardanger-historielag.com
Nettredaktør er forretningsførar Øystein Pugerud og utforminga
av sidene står Nikolas van Etten for. Hovudbolken er ein omfattande
bibliografi over årshefta. Her kan du søkja på "emne", "hefte"
(utgjevingsårstal), "forfattar" og "bibliografi" (artikkeloversikt)
Slik har du fleire ulike inngangar for å kunna oppspora dei
artiklane du er interessert i. I tillegg finn du opplysingar om
lagsdrifta, oppgåver og nyhende på nettsidene. I meldingsåret
har det vore arbeidd med å få opp tingingsfunksjon for bøker
og elles betring av innhald og funksjonalitet
Hordaland sogelag sitt arbeid med temahefte
Styret har sagt seg positive til Hordaland sogelag sitt initiativ
for å gje ut temahefte med artiklar frå lokallaga sine tidlegare
utgjevingar av årshefte. Tiltaket starta opp i 2008. Brita Jordal
er HH sin valde representant. Arbeidsgruppa hadde eitt møte med
innleiande drøftingar i Bergen i desember 2008.
Hardangerseminaret
I august var Hardanger Historielag medtilskipar for
Hardangerseminaret 2008. Tema for seminaret var lokal- og
slektshistorie i Hardanger med vekt på middelalderen.
Initiativtakar var utflytta harding Odd Handegård, som hadde samla
framståande slektsforskarar til å førelesa. Seminaret samla om lag
40 deltakarar på Hardanger folkemuseum, Utne
Representasjon
Ved tildeling av kongens fortenestemedalje til Oddmund Hus på
Ullensvang hotell, møtte Brita Jordal frå laget.
Regionshistorie for Hardanger
I meldingsåret vart det arbeidd vidare med finansieringa av
regionshistorieverket. Arbeidet er no organisert slik: Hardanger
Historielag ved styret har hovudansvar. Prosjektet vert lyst ut som
totalentreprise til forlag. Ein leiger inn ekstern hjelp til
utarbeiding/kvalitetssikring av kontraktar. Ståle Dyrvik er
oppnemnd som frittståande fagkonsulent for
bokprosjektet. Det er sett ned eit arbeidsutval med slik
samansetjing: Lars O. Bleie, Inge Reinsnos, Øystein Pugerud ,
Knut Markhus, Marit Bleie Mannsåker, Arne L. Aksnes,
Brita Jordal og Trude Hoflandsdal Letnes.
Løyvingar
Prosjekta som fekk støtte ved tildelinga 2008 er:
• Åse Teigland -Slåttar på avvikande
felestille,
• Åse Teigland og Frank Rolland -Valsaspel ,
• Frank Rolland ved plateselskapet Ta:lik - Tradisjon etter
Halldor Meland, Anders Kjærland, og Nils Rogdo,
• Benedicte Maurseth med fleire -Folketonar som Geirr Tveitt
samla inn,
• Rannveig Djønne -Spelferd heim,
• Utanom dei vanlege tildelingsråmene har Elisabeth N.
Emmerhoff, Grimo fått støtte til kunstprosjektet
Velure-Haustveit.
Samla sum 21 000 kroner.
Den framlagde årsmeldinga vart godkjend.
Rekneskapen:
Den framlagde rekneskapen vart godkjend.
Budsjett for 2009:
Det framlagde budsjettet vart godkjend med ei endring, posten for
løyvingar vart sett til kr 40.000,- som var styret sitt framlegg.
Leiar gjorde merksam på dette og grunngav auken som eit tiltak i
Kulturminneåret 2009.
Medlemspengar:
Det vart vedteke å heva medlemspengane frå 2010 til kr 200,-
Val ved leiar i valnemnda, Sjur Sekse.
Fylgjande val var samrøystes.
• Leiar: Marit Bleie Mannsåker (vald for eit år)
• Styremedlem Kr. Frimann Hjeltnes (vald for to
år)
• Styremedlem Jarle Vangen (vald for to år)
Styremedlemer Arne L. Aksnes og Anne-Kristine Måkestad var ikkje på
val og står eitt år til.
• Varamedlemer vald for eitt år:
1. Brita Jordal
2. Hildeborg Dalaker
3. Nils Årekol
4. Svein Haugen
5. Odlaug Måge
• Revisor: Svein Grønsberg, vararevisor; Halldor
Helleland.
• Valnemnd:
1. Hans Litlatun, leiar, står i eitt år
2. Asbjørn Børsheim, står i to år
3. Liv Rumohr Selland, står i tre år
Varamedlem, vald for eitt år, Kåre Grønsnes
Etter årsmøtesakene var det ei kort matøkt, før Guttorm Rogdaberg
gav møtelyden ei grundig og interessant orientering om prosjektet
Norsk Jordskiftesenter, som er planlagd på Aga.
Lars O. Bleie Frede
Bleie