Nestleiar, Gunnvor Bodil Lothe, ynskte dei 14 frammøtte velkomne
til det 92.årsmøte i laget si historie. Gunnvor Bodil Lothe vart
vald til møteleiar. Einar Richter-Hanssen vart vald til
møtereferent. Ingen merknad til innkalling. Merknad til saksliste:
Bjarne Sørensen foreslo at eit punkt "Meldingar" vart set til etter
pkt. "Medlemspengar". Med denne merknaden vart sakslista
godkjend.
Protokoll 1999
Frede Bleie og Reidar Storaas i årsmøtenemnda har godkjent
årsmøtereferatet.
Årsmelding 1999
Skrivar las styret si årsmelding for kalenderåret 1999. Samrøystes
godkjend. Vedk. pkt. Distriktssoge: Bjarne Sørensen orienterte om
sin kontakt med Ståle Dyrvik som er oppteke av at arbeidet skal
koma vidare. Oppgåva til interimsstyret er å trekkja arbeidet i
gang og skapa interesse i m.a. kommunane og Hardangerrådet. Totalt
vil utgiftene til ei distriktssoge truleg koma på 3 millionar
kroner (jfr. Strile-soga). Laget på si side kan stille ein halv
million kroner. Målet må vera å få soga ferdig til laget sitt
hundreårsjubileum.
Val av årsmøtenemnd
Lars O. Bleie (Ullensvang) - 1 år. Olav Nordal (Ullensvang) - 1
år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - varamedlem.
Årsmelding 1999
Styret i meldeåret
Inge L. Reinsnos (Odda) - attval for 2 år - vald av årsmøtet som
leiar for 1 år. Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - 1 år -
nestleiar. Einar Richter-Hanssen (Granvin) - 1 år - skrivar. Arne
Gjerstad (Kvam) - attval for 2 år - styremedlem. Inger Lægreid
(Eidfjord) - 2 år - styremedlem (ny for Steinar Kristensen).
Personlege varafolk i same rekkefylgje: Åshild Korssund (Odda) -
attval for 2 år. Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - 1 år. Hildeborg
Dalaker (Ulvik) - 1 år. Kristian Djupevåg (Kvam) - attval for 2 år.
Jakob Sæbø (Eidfjord) - attval for 2 år.
Revisor: Per Halstengård (Ullensvang) - attval for 1 år.
Vararevisor: Halldor O. Helleland, Lofthus - 1 år (ny for Lars J.
Låte).
Valnemnd: Frøystein Rasch-Halvorsen (Kvam) - 1 år. Knut Nes
(Ulvik) - 2 år. Steinar Kristensen - ny for Frede Bleie.
Lars O. Bleie (Ullensvang) - varamedlem, ny for Leiv
Vambheim.
Utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag: Einar Richter-Hanssen
(Granvin). Arne Gjerstad - varautsending.
Årsmøtenemnd: Frede Bleie (Ullensvang). Reidar Storaas (Kvam).
Lars J. Låte (Odda) - varamedlem.
Redaktør av "Hardanger": Bjarne Sørensen.
Forretningsførar: Sidsel Aas Pugerud.
Styret har i meldeåret halde eit møte der det har vore handsama i
alt 5 saker.
Vedtektstillegg
Framlegg om tillegg i Hardanger Historielag sine vedtekter §5 vart
lagt fram på årsmøtet 1999 og vedteke der. Det lyder no: "Årsmøtet
vel ei nemnd på 2 personar og 1 varamedlem for 1 år. Desse skal
godkjenna årsmøtereferatet seinast 1 månad etter siste
årsmøtet".
Distriktssoge for Hardanger
Styret sette ned eit interimsstyre på tre medlemer, Inge L.
Reinsnos, Bjarne Sørensen og Einar Richter-Hanssen, for å få i gang
eit forprosjekt for distriktssoga. Det har vore teke kontakt med
professor Ståle Dyrvik om ein vidare strategi for arbeidet.
Årsmøtet 1999 vart orientert om saka. Ein visar også til årsmelding
for 1998.
Rekneskap
Revisor Per Halstengård la fram rekneskap for 1999. Rekneskapen er
revidert og underskriven av revisor. Posten "Løyvingar" står med 0,
men dei budsjetterte pengane er løyvde i 2000. Auka sal av lysingar
skuldast at leiar fekk kommunane til å koma med helsing i
tidsskriftet. Når det galdt kontiane "Hard. Hist. fond" og
"Distriktshistorie" kom det fram ynskje om å slå dei saman.
Årsmøtet oppmoda styret til å undersøkja saka, og samstundes få tak
i gamalt arkivmateriale om laget dersom det er mogeleg. Årsmøtet
oppmoda også styret til å jobba for å få best mogeleg rentevilkår
for laget sine konti. Med desse merknadane vart rekneskapen
samrøystes godkjend.
Budsjett
Revisor Per Halstengård la fram budsjett for 2000. Samrøystes
godkjend.
Val
Lars O. Bleie la fram valnemnda si innstilling. Fylgjande val vart
gjort samrøystes: Styret: Gunnvor Bodil Lothe (Ullensvang) - attval
for 2 år. Einar Richter-Hanssen (Granvin) - attval for 2 år. Leiar:
Arne Gjerstad - 1 år.
Varamedlemer til styret: Asbjørn Haustveit (Ullensvang) - attval
for 2 år (Gunnvor Bodil Lothe). Hildeborg Dalaker (Ulvik) - attval
for 2 år (Einar Richter-Hanssen).
Revisor: Per Halstengård - attval for 1 år. Vararevisor: Halldor
O. Helleland, Lofthus - attval for 1 år.
Utsending til Hordaland Sogelag: Bjarne Sørensen. Varautsending:
Arne Gjerstad.
Valkomite: Knut Nes (Ulvik) - leiar. Steinar Kristensen (Jondal).
Lars O. Bleie (Ullensvang) - ny for Frøystein Rasch-Halvorsen.
Oddmund Hus (Ullensvang) - varamedlem, ny for Lars O. Bleie.
Medlemspengar
Nestleiar fremja forslag om ein auke av medlemspengane til kr.
120. Trykkekostnadane og porto til tidsskriftet vil auke grunna
stadig større papirutgifter for trykkeria. Laget må kanskje også
skifta trykkeri som kan verta dyrare. Laget treng pengar til
distriktssoga, og det vil verta fire år sidan siste auke då auken
først får verknad frå 2001. Samanlika med andre distriktslag er
også medlemspengane små. Samrøystes vedteke.
Meldingar
Skriftstyrar Bjarne Sørensen orienterte om den dårlege kvaliteten
på trykkinga av tidsskriftet 1999. Det er frest og limt i staden
for sydd, noko som har ført til at margane er blitt kortare.
Forsidebiletet er særs dårleg og nokre av hefta har også dårleg
trykk. Trykkeriet har beklaga - dette er ingen god reklame korkje
for laget eller Øystese trykkeri. Skriftstyrar har vore i kontakt
med faktor og han vil koma med eit tilbod om reduksjon av
trykkerirekninga. Til no har laget betalt 2/3 av ho. Øystese
Trykkeri har alltid trykt tidsskriftet. Ein viktig årsak til at
laget har nytta Øystese Trykkeri, er at det ligg mykje under i pris
- opp til 30-40 000 kroner - samanlikna med andre trykkeri.
Arne Gjerstad orienterte om Hordaland Sogelag sitt møte. Emne på
møtet var biletmaterialet som historisk kjelde: innsamling,
bevaring og restaurering ved hjelp av data, arkivering av gamalt
materiale. Vidare var det ei orientering på Hardanger
Fartøyvernsenter og biletspelet "Nordlandsfarten".
Årsmøtet sende Inge L. Reinsnos ei helsing og ynskte han god
betring.
Etter årsmøtet vart det først matøkt. Deretter heldt
museumsdirektør Ågot Gammersvik eit levande kåseri om "Fjordfiske
etter laks", godt illustrert med ljosbilete. Enno er det sju
laksegiljer att i Osterfjorden som eit minne om ein spanande og
interessant del av Hordaland si soge. Det vart likevel ikkje berre
ein kulturhistorisk slutt på årsmøtet, men også ein musikalsk. Dei
som ynskte det, kunne til redusert pris, gå på "Rudl & Reel" -
konserten på Hardanger Folkemuseum.
Referent: Einar Richter-Hanssen